Tresfjord

Bygda i landskapet

TBL Om Tresfjord

Tresfjord

Tresfjord er en tidligere selvstendig kommune i Møre og Romsdal, opprinnelig (fra 1837) del av Vestnes formannskapsdistrikt. Kommunen ble skilt ut som en egen enhet med navnet Sylte (uttales Silté) kommune 1. januar 1899. Den hadde da 1 408 innbyggere.

28. april 1922 ble kommunenavnet ved kongelig resolusjon endret fra Sylte til Tresfjord.

1. januar 1964 ble Tresfjord kommune slått sammen med Vestnes kommune til Vestnes kommune. Tresfjord hadde ved sammenslåingen 1 319 innbyggere. Bygda er et kjent turmål, og fjellet Lauparen (1434 moh) tiltrekker seg fotturister fra hele landsdelen.

I Tresfjord finner du også en liten karateklubb som har vist gode resultater nasjonalt.

Tresfjord er det eneste stedet i verden der Ridderosten produseres.

Tresfjord har etablert seg som et tyngdpunkt innen revy og arrangerere hvert år Tresfjordrevyen og revyfestivalen Gapskratten gjennom et aktivt ungdomslag.

Kjente tresfjordinger:

•Jakob Rypdal, OL-deltaker i tresteg
•Terje Rypdal, komponist og gitarist
•Jakop Kjersem, OL-deltaker i friidrett
•Peter L. Rypdal, musiker og komponist
•Terje Øvstedal, revyartist

Tresfjord er ei bygd i Vestnes kommune i Møre og Romsdal, som ligg vakkert til mellom fjord og fjell.Tresfjord var eigen kommune fram til 1964. Vart då slått saman med Vestnes. Bygda ligg langs Europaveg 136, om lag midt imellom Ålesund og Åndalsnes. Tresfjord har eigen barne- og ungdomsskule, skulebygget er delvis nytt og delvis renovert. Bygget vart tatt i bruk i 2003.

Kva bør du få med deg om du er i Tresfjord?

  • Tresfjord kyrkje. Tresfjord kyrkje frå 1828 er den eldste kyrkja i kommunen og er ei åttekantkyrkje i tømmer. Kyrkja er rikt dekorert og mykje av kyrkjeinteriøret er frå 1600-talet.
  • Tresfjord museum. Tresfjord Museum er eit bygdemuseum, opna i 1949. På tunet står i dag røykstove, løe, stabbur, kvernhus, eldhus og sengjebu. Bygdetunet gir eit godt inntrykk av korleis folk budde og levde i dette området tidlegare.

Aktivitetar: Olsokfeiring, fotogruppe, samarbeid med skule og barnehage.

  • Tresfjord frå hesteryggen. Tresfjord har eit svært aktivt miljø for hest, og då spesielt Islandshest. Sjå blant anna www.vihf.no ,www.stall-kjersem.no og www.stallwenaas.no
  • Ridderost. Tine sitt meierianlegg er det einaste meieriet i verda som produserer Ridderost, verdens beste ost. Stikk innom butikken eller bensinstasjonen og kjøp ein ost, garantert lokalprodusert.
  • Tresfjordfjella. Tresfjord har mange flotte fjell. Dei høgaste er Sandfjellet 1470 moh og Lauparen 1434 moh. Idrettslaget har rydda og merka stiar til mange av toppane, og til dei mange setrane som ligg rundt bygda.

Lag og organisasjonar i Tresfjord:

  • Tresfjord idrettslag, med eiga idrettsbane og klubbhus like ved Tresfjord skule. Idrettslaget driv med aktivitetar for barn og unge. Laget har og ei svært aktiv trimgruppe, som arrangerar turar i dei vakre Tresfjordfjella. Dei driv og rydding og merking av turstiar, og har laga turkart over Tresfjorden og områda rundt.
  • Tresfjord karateklubb. Vart stifta i 1988. Klubben trener karate i stilarten Goju-Kai. Klubben har ca 50 medlemmar, frå 8 til 55 år. Medlemmar i Tresfjord Karateklubb har mange gode plasseringar i konkurransar både nasjonalt og internasjonalt. Sjå meir på www.tresfjordkarateklubb.no
  • Tresfjord Røde Kors, har eige hus i Tresfjord og eiga lagshytte like ved skitrekket på Ørskogfjellet. ( www.orskogfjellet.no ) Hjelpekorpset er eit av dei største og mest aktive i fylket. TRK har i tillegg ei eiga gruppe med Ungdommens Røde Kors. TRK arrangerar Syltemartnaen i august kvart år. ( www.syltemartnan.no )
  • Tresfjord Skytterlag, har eiga skytebane på Nerheim. ( www.tresfjordskytterlag.no )
  • Tresfjord Ungdomslag, held til på ungdomshuset Tresheim. Laget har hatt årlege revyar sidan 1992. ( www.tresfjordrevyen.no ). Annakvart år arrangerar laget også Gapskrattfestivalen, ein revyfestival for amatørrevyar frå Møre og Romsdal og fylka rundt. ( www.gapskratt.no ) Ungdomslaget har og ei eiga Linedance gruppe. Tresheim kan og leigast ut til private arrangement.
  • Tresfjord Janitsjar, er eit korps med medlemmar frå Tresfjord og bygdene rundt. Tresfjord har ikkje eige skulekorps, men har medlemmar i Daugstad og Vike skulekorps.
  • Tresfjord Bygdekvinnelag, har ein finger med i mange arrangement i bygda. Dei er opptatt av mat og matkultur, og ingen går svoltne heim frå deira arrangement. Bygdekvinnelaget driv og ein ungdomsklubb annakvar fredag i vinterhalvåret.
  • Spelemannslaget Dåm og Drag, Spelmannslag med junior og seniorgrupper.
  • Tresfjord Småbåtlag, har småbåthavn med gjestebrygge, og eige klubbhus.
  • Vestnes islandshestforening, har sitt anlegg i Tresfjord med ridebaner, stallplass og klubbhus. Foreininga har arrangert NM i islandshest fleire gonger. ( www.vihf.no ) Klubben har hatt fleire plasseringar heilt i toppen både i NM og VM for islandshest.
  • Tresfjord Bygdelag er et aktivt bygdelag som jobber for bolyst, trivsel og utvikling i bygda. Tresfjord Bygdelag søkte og fikk i 2010 innvilget bygdemobiliseringsmidler fra Fylkeskommunen og HoppID til utvikling av bygda. TBL har flere prosjekt på gang, og flere vil komme etter hvert.