Tresfjord

Bygda i landskapet

TBL Vedtekter


Vedtekter for Tresfjord Bygdelag

 §1 – Namn

Namnet skal vere Tresfjord Bygdelag og kan forkortast til TBL

 §2 – Formål

Formålet skal være å aktivt arbeide for betre leve- og vekstvilkåra i Tresfjord og legge forholda til rette for harmoni og trivsel.

TBL skal ha eigne aktivitetar og i tillegg være ein støttespelar til aktivitetar elles i Tresfjord.

TBL skal også sjølv ta initiativ til aktivitetar for bygdas fremme.

§3 – Årsmøtet

Årsmøtet er opent for alle med band til Tresfjord

Årsmøtet haldast innan mai kvart år.

Årsmøtet kan haldast når minst 2/5 partar av styret er tilstades.

Saker som skal tas opp må vere styret i hende minst fjorten dagar før årsmøtet.

Årsmøtet handsamar :

1.      Val av møteleiar

2.      Val av referent

3.      Val av de som skal underskrive referatet

4.      Godkjenning av innkalling til årsmøtet

5.      Årsmelding

6.      Revidert rekneskap

7.      Saker som styret eller andre bygdemedlemmer vil ta opp

8.      Val på :

·         Leiar(for eit år om gongen)

·         4 styremedlemmar for 2 år om gongen. Årsmøtet kan godkjenne ein kortare representasjon enn 2 år.

·         2 vararepresentantar

·         2 stk. revisorar for eit år om gangen

·         Valkomité med minimum to medlemmar

 

Vedtak på årsmøtet gjeld ved simpelt fleirtal. Ved lik tal stemmer tel dobbeltstemma til TBL sin leiar.

Alle val skal ta omsyn til kontinuiteten i styret.

Styret blir vald for 2 år om gongen. Alle kan ta imot attval.

Endringar i vedtekter kan berre gjerast av ekstra ordinert årsmøte og då berre etter minst to tredjedelars fleirtal.  Årsmøtet set det ekstraordinære årsmøtet.

Benkeforslag er tillete.

Innkalling til årsmøte med 14 dagars varsel

 

§3 – Styret

Styret konstituerer seg sjølv

Det skal førast protokoll for kvart møte og kvar sak.

Styret tek seg av alle forretningar, ivaretek laget sin økonomi, kallar saman til møter og legg fram for årsmøtet utgreiing om laget si drift, samt revidert rekneskap kvart år. Styret handsamar saker som blir framlagt av medlemmene og legg desse fram for årsmøte når det er ønskjeleg. Slike saker må vere styret i hende seinast 14 dagar før årsmøtet blir halde.

Styremøte skal haldast så ofte som leiaren eller 2 av styremedlemmene finn det nødvendig. Valte komitear kan innkallast til styremøte. For at styret kan ta avgjerder i saker, må minst 3 styremedlemmer vere til stades. Ved likt tal stemmer vert leiaren si stemme avgjerande.

 

§4 – Innkalling

Innkalling med sakliste sendes styremedlemmane innan rimeleg tid.

Leiar fastset møta og sekretæren kallar inn.

Møte haldast når leiar eller minst to styremedlemmar har bede om det.

 

§5 – Økonomi

Økonomien i TBL skal ha sin basis i gåver frå personar og næringsliv, og tilskot.

 

§6 – Medlemskap

Alle personar og verksemder i, eller som har tilknyting til Tresfjord er å rekne som medlemmar.

Alle medlemmar kan stille seg til val på tillitsverv.

 

§7 – Medlemskontingent

Medlemsskap er gratis.

 

§8 – Oppløysing

TBL kan oppløysast på årsmøtet med minst 2/3-dels fleirtal.

Etter at det er tatt avgjerd om oppløysing av laget, skal det gjerast vedtak om korleis eigedelar og økonomiske midlar skal plasserast. Forslag til disponering blir avgjort med alminneleg fleirtal.

 

§10 – Ekstraordinært årsmøte

Årsmøtet kan, om det finn det turvande kalle saman til ekstraordinært årsmøte.

Styret  set sakslista til det ekstraordinære årsmøtet.

Det vert innkalla med 14 dagars varsel.

 

§11 – Prokura

Leiar har prokura