Tresfjord

Bygda i landskapet

Tresfjord Kyrkje brosjyre

Tresfjord Kyrke

Tresfjord Kyrkje med mektige fjell
   

Tresfjord kyrkje 175 år


11.-15. juni 2003 var det 175-årsjubileum for kyrkja. Kongeparet var
også til stades.
 
Kongeparet ved Tresfjord Kyrkje Stein reist til 175-års jubileumet
   

Kyrkjestova


Kyrkjestova vart åpna i 2006 og er eit vakkert og tenleg hus til mange
formål. Det er godt tilpassa funksjonshemma. Her kan det dekkast til
omlag 130 gjester. Bygget er oppvarma frå sjøen.
Kyrkjestova
   
Krona på bærestavane

Kyrkja i Tresfjord ligg fint til på ei flate nær sjøen.
Rundt kyrkja har soknet gravplassen sin. Biskop Peter Olivarius Bugge m.fl. innvigde kyrkja 17. juni 1828. Ho er tømra i ein avlang åttekant med påbygd våpenhus i vest og sakristi i aust. Eit høgt og spisst tårn står midt på kyrkja, og i tårnsokkelen er det to klokker.

Til hundreårsjubileet i 1928 skreiv riksantikvar Erdmann m.a.: ”Kirken, som er av tømmer, minner om et stort telt i sin reisning, og innvendig er den av en høyst egenartet type, bygget som et tempeltelt båret av fire søyler”. Kyrkja er kvitmåla utvendig. Kvitt er også grunnfargen på veggene innvendig.

   
Når ein går inn i kyrkja frå våpenhuset, strålar fargane mot ein frå alle kantar. I taket er det tett med blå stjerner som er ulikt store. Koret er avgrensa frå kyrkjerommet elles på ein særmerkt måte. Eit reisverk av trestokkar med portal i midten markerer skiljet mellom kor og skip. Mellom stokkane er det sett inn rader av dreia stavar. Stavane var ei stund tekne ut, truleg for å gje betre innsyn til koret, men vart seinare sett inn att. Over portalen er det fine, måla utskjeringar, og øvst heng fem store målarstykke frå vegg til vegg. (Jesus på krossen, Moses med tavlene, nedtakinga av krossen, Aron i presteklede og himmelferda). Tre av bileta er frå den gamle kyrkja, før 1828. Nedtakinga av krossen er måla av Østen Torp. Stjernehimmelen i taket
   
Akantusborden på nordsida, måla av Østen Torp

Øvst på veggene rundt kyrkjeskipet ser vi ei brei bord med rosemåling. Austlendingen Torp måla akantusrankane på nordveggen og svensken Levin urnemotiva på sørveggen. I denne faldaren er berre hovudinntrykka tekne med. Ein kan lese meir om kyrkja i jubileumsheftet frå 1978.

   
Kyrkja har eit gammalt og svært verdifullt antemensale i vakre fargar. Eit antemensale er ei tavle eller plate med dekorasjonar festa på framsida av altarbordet. Ordet har vi frå latin (ante: framfor, mensa: bord). I Tresfjord-kyrkja finn ein det over preikestolen. Det viser Maria med Jesusbarnet i midten, med to biletfelt på kvar side (Engelen kjem med bod til Maria, Maria og Elisabet, hyrdingane på marka og Jesus i tempelet). Tresfjordantemensalet, eit av få i heile landet
   
Detaljar frå preikestolen Preikestolen er eit praktfullt arbeid frå renessansetida med utskjeringar og friske fargar. Han er laga i 1687 av Erik Skeidsvoll og følgde med frå gamlekyrkja. På preikestolen er dei fire evangelistane måla i kvart sitt felt og med sine symbol (menneske med venger, løve, okse, ørn). Karl Johan var konge i Noreg og Sverige då kyrkja vart bygd, og etter gammal skikk fekk han monogrammet sitt i kyrkjerommet. Det står midt på framsida av galleriet mellom to løver: C XIV J (Carl 14. Johan). Under står: “Som Troskab boer blandt Norges Bjerge skal Løven om din Krone værge”. Elles er gallerifronten prydd med blomstermålingar.
   
Det gjekk nesten hundre år før kyrkja vart utstyrt med orgel. I 1921 vart det kjøpt inn eit tysk orgel, og til 150-års jubileet fekk kyrkja det orgelet som står der i dag. Det er eit Vestre-orgel med 14 stemmer. Preikestolen med antemensalet
   
Koret med altertavla

Den vakre og særmerkte altartavla er laga av Ivar Knutsen Åsgjerdet, men det skal vere svensken Levin som har måla henne. Motiva er Jesu dåp og krossfestinga. På begge sider av tavla er det utskorne ”venger”, laga av Sjur Iversen Skjegstad. På venstre veng står ”Gud mitt Haab”, på høgre ”Jesus min Frelser”. Lengst nede på tavla er det ein avsats med eit lite bord og tretten små trefigurar. Dette symboliserer Jesus og læresveinane då nattverden vart innsett. På altarbordet står to høge lysestakar og ein med to armar. Der står også eit gammalt mørkebrunt skrin med kyrkja sitt namn på. To gamle bøker innbunde i skinn har også fått plass her.

 

   
Kyrkja fekk nye benker til 100-årsjubileet i 1928. I eldre tid var det dører inn til sitjeplassane, og kvar gard hadde sin plass, karane på høgre sida og kvinnene på venstre. I ei forordning frå 1837 står det m.a.: ”Lemmen er bestemt for drengerne, og gangen for pigerne”. I denne faldaren er berre hovudinntrykka tekne med. Ein kan lese meir om kyrkja i jubileumsheftet frå 1978.

Last ned brosjyra
Rehabilitering av Tresfjord Kyrkje - Prosjektoppgåve