Tresfjord

Bygda i landskapet

TUL Revybasar

Basar på Tresheim

Kulturbygda Tresfjord slår nok et slag for revyen og den lokale humoren. Eit nytt omgrep er på vei inn i vårt språk; Revybasar

Tresfjord Ungdomslag arrangerte basar på laurdag. Etter fleire veker med iherdig innsats med loddbøker og innsamling av premier, vart Tresheim, bygda sitt eige revyhus fylt av spent summing og trivsel. Medan kaffien og kakene vart nytt, kjøpte dei frammøtte endå fleire årer og lodd. 

 Stilt vart det berre når lokale innslag frå bygda sine revyfolk gjekk på scena. Stillhet berre avbrote av rungande lattersalver. Først kom det Tre Gamle damer på scena. Merete Kjersheim, Liv-Turid Hubred og Kristin Fiksdal fekk fram mange gode poeng med tre gode venninner i kaffiselskap. Etter det gjekk bøttene med årer rundt til alle, medan salen igjen summa av trivsel. Litt seinare kom innslaget med bussjåfør Merete Kjersheim og Are Solheim som sint busspassasjer og trimma lattermusklane godt. Kvardagen vert liksom så langt unna når ein er på revybasar i Tresfjord. Innslaga er tidlegare vore framført på den årlege Tresfjordrevyen som gjeng av stabelen kvar Palmelaurdag. 

 Leiar i Tresfjord Ungdomslag, Jon Petter Syltebø, seier det er ikkje kvar gong ein opplever slik ei gjevarglede. Pengar kom det inn. Det var uråd for ein utskremd lokaljournalist å få ut av pengetrillerane kor mykje, men det skulle visstnok ha mangla 280 kroner på eit rundt tal, og det tok dei som var tilstade å kippa inn frå eiga lomme. 

Det vart noko enklare for kasseraren på den måten, sa dei. Pengane skal hovudsakeleg gå til det arbeidet TUL har gjort og har planer om å gjere med det tradisjonsrike grendehuset. Tresheim skal settast i skikkeleg stand, både inne og ute. Anne Kjersheim som var drivkrafta bak loddsalet, vil sende ein takk til alle som bidrog med loddsalet og henting av gevinstar. 

Like eins er ikkje ein slik revybasar komplett før kakene er på bordet, og det viste seg at bakegleda i Tresfjord er minst like stor som gjevargleda. Det kan berre kome noko godt ut av det å mikse bakarglede med gjevarglede. Det er mange glade menneske som stend bak ei slik tilstelling, men me må ikkje gløyme dei som kom og gjorde denne laurdags ettermiddagen til det den vart, nemleg publikum. 

Me so var der, og eg talar nok for dei alle no, vonar at dette er noko ungdomslaget vil gjere fleire gonger. «Ditta va moro!» so ho seier ho Anne …

Basar på Tresheim

Basar på TresheimBasar på Tresheim

Basar på TresheimBasar på Tresheim

Basar på TresheimBasar på Tresheim